Når sola varmar fjelltoppane der i aust..

Det har vore både kaldt og surt den siste tida. Små glimt av sol får ein likevel, som over Vallebygda torsdag.

Fjelltoppar aust for Vallebygda bada i sol. - Klikk for stort bileteFjelltoppar aust for Vallebygda bada i sol. Ole Birger Lien

Så er vel ikkje vermeldingane for den komande helga spesielt lovande. Likevel, kvite fjelltoppar aust for bygda bada i sol ein dag i desember gjev von om at det etter kvart skal bli flotte vinterdagar med kvitt på bakken og blått på himmelen. Som ei adventshelsing er i alle fall sola svært høveleg - og om få dagar går me ljosare dagar i møte!