Næringsalliansen i Agder samla seg i Valle

Valle kommune var vert då Næringsalliansen i Agder hadde haustsamling på Sølvgarden hotell i Hylestad denne veka.

Næringsalliansen Agder hadde haustsamling på Sølvgarden hotell i Hylestad tysdag og onsdag i denne veka. - Klikk for stort bileteNæringsalliansen Agder hadde haustsamling på Sølvgarden hotell i Hylestad tysdag og onsdag i denne veka. Valle kommune

Etter ein smakeleg lunch helsa ordførar Lars Tarald Myrum velkomen før NHO og LO tok for seg kraftløftet og ikkje minst dialog om samarbeid. Siste delen av dag ein handla om UN global compact, som er FN sitt initiativ for globalt berekraftig næringsliv.

Om satsing i regionen

Dag to tok til med Agder fylkeskommune. Dei tok for seg viktige satsingsar i regionen, og ikkje minst stort og smått knytta til ulike søknader til fylket. Agder Europakontor fekk også greie ut om sitt arbeid før haustsamlinga vart runda av med ein matbit.

– Det gler meg at samlinga var nettopp i Valle kommune, for det er sjølvsagt viktig for oss å vise fram både næringslivet i kommunen men også i dalen elles. Her er mykje på gang, og potensiale for endå meir, så det at ein kan samarbeide og styrke kvarandre på dette viset er framifrå, seier Valle-ordførar Lars Tarald Myrum.