Næringsfrukost på Sølvgarden hotell torsdag 27. november
Valle kommune skipar til ny runde med næringsfrukost på Sølvgarden hotell torsdag 27. november klokka 07.30. - 09.00.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 21.11.2025 10:25
Sist endra 26.11.2025 09:54
Det er næringsfrukost på Sølvgarden hotell torsdag 27. november.
Ole Birger Lien
I tillegg til smakeleg frukost diskar kommunen opp med informasjon om aktuelle saker. Så skal NAV delta, og informerer om ulike tema knytta til oppfylgjing av sjukefråvær.
Inkluderande arbeidsliv
Kristian Lillemark tar for seg inkluderande arbeidsliv, Lars Tore Gakkestad ser på marknadskontakt NAV og Walborg Eikholm Tveiten, rettleiar NAV, deltek. Det gjer også kommuneoverlege Benedicte Severinsen.
– No håpar me at stort og smått frå næringslivet møter opp, seier rådgjevar i Valle kommune, Åse Ingebjørg Flateland.