Næringsfrukost på Sølvgarden hotell
Valle kommune skipar til ny næringsfrukost med lokalt næringsliv på Sølvgarden hotell onsdag 25. februar klokka 07.30-09.00.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 19.02.2026 09:27
Sist endra 19.02.2026 09:27
Valle kommune skipar til næringsfrukost med lokalt næringsliv onsdag 25. februar på Sølvgarden hotell. Her frå ein tidlegare næringsfrukost.
Ole Birger Lien
Etter smakeleg brødmat og rykande fersk kaffi blir det aktuelt frå Valle kommune, ein status frå Setesdal regionråd og ikkje minst ein eigen bolk knytta til bustadundersøkinga kommunen har gjennomført.