Næringsplan i Valle truleg i kommunestyret i mars

Forslag til komplett næringsplan med handlingsdel i Valle kommune er klar, og tysdag sette kommunen seg ned med lokalt næringsliv for å få innspel før saka skal vidare til politisk handsaming.

Kommunestyret i Valle får truleg ny næringsplan til politisk handsaming i mars. - Klikk for stort bileteKommunestyret i Valle får truleg ny næringsplan til politisk handsaming i mars. Ole Birger Lien

I januar 2023 vedtok kommunestyret at arbeidet med ny næringsplan skulle settast i gong. Så er prosjektet arbeidd fram, og det har mellom anna blitt gjennomført spørjeundersøking i næringslivet. Tysdag sette Valle kommune seg ned med lokalt næringsliv for ein siste gjennomgang før prosessen går vidare. Næringsrådgjevar Kay Arne Søgård hadde ein gjennomgang av planen.

– Gode tilbakemeldingar

– Me fekk gode tilbakemeldingar frå dei næringsdrivande. Planen vart gjennomgått i formannskapet torsdag, og det blir truleg politsk handsaming med endeleg godkjenning i kommunestyret i mars, seier kommunedirektør Vidar H. Homme.