Nasjonal test av nødvarsel onsdag 10. januar klokka 12

Onsdag 10. januar klokka 12 kjem det til å blåse sirener og ringe varsel på mobiltelefonar landet rundt. Då skal Nødvarsel på mobil og Sivilforsvaret sitt varslingsanlegg i landet testast.

Det er nasjonal test av tyfonar og nødvarsel via mobil onsdag 10. januar klokka 12. - Klikk for stort bileteDet er nasjonal test av tyfonar og nødvarsel via mobil onsdag 10. januar klokka 12.

Det er politiet som sender ut nødvarsel via mobil. Sivilforsvaret testar tyfonane med signalet “Viktig melding - søk informasjon”. I alt er det plassert ut kring 1250 tyfonar landet rundt. Det betyr at samstundes som tyfonane uler, kjem mobiltelefonar til å vibrere og spele av eit høgt lydsignal. 

Til alle nye telefonar

Mobilvarslinga går til alle nyare og oppdaterte mobiltelefonar. Viss ein ikkje ynskjer varsel, må ein sette mobilen i flymodus eller slå den av. Lydløs-modus er ikkje nok, den innstillinga blir overstyrt av varslinga.

HER kan ein lese meir om nødvarsel.