Nettmøte om investeringar i landbruket måndag 10. februar
Statsforvaltaren i Agder skipar i samarbeid med Innovasjon Norge, Agder fylkeskommune og Agder Bondelag måndag 10. februar til såkalla webinar, nettmøte, om investeringar i landbruket. Det er gratis å vere med, og aktive gardsbrukarar eller komande bønder er målgruppa. Påmeldingsfristen er fredag 7. februar.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 05.02.2025 12:27
Sist endra 05.02.2025 12:27

Kva finst det av støtteordningar? Kven er aktørane, og kva kan dei bidra med? Dette og mykje meir får den som er med på nettmøtet svar på. Ann Elin Greibrokk, som har investert i lausdriftfjos, deler med seg av det ho har opplevd - etter ei innleiing frå landbruksdirektør Reidar Tveiten.
Fylkeskommunen si rolle
Agder fylkeskommune har innlegg som si rolle, Innovasjon Norge tar for seg investeringsmidlar, prioriteringar og søknadsprosess, og på slutten av møtet blir det opna for spørsmål og dialog.
HER kan du lese meir og melde deg på. Den som melder seg på får ei lenke i epost for å delta på møtet i Teams.