Ninjana får kortfilm, her frå rigging til opptak ved rundkøyringa i Valle.
Ilias Shakbiev
Det er Karin Moe Hennie som har skapt Ninjana, og no altså vil ta henne til filmen. Ho er i dialog med Paradox om ein større produksjon, og var i Valle for å filme til ein kortfilm som også er meint som “marknadsføring” av Ninjana med tanke på å få finansiert ein langfilm. Opptaka i Valle siste fredag blir ein film med både levande bilete og animasjon.
Stort crew
Det var ingen liten gjeng som troppa opp i Valle. Riksveg 9 vart stengt i små intervallar medan det vart filma i rundkøyringa rundt verdas største munnharpe.
– Me fekk disponere kommunestyresalen, det var perfekt. Me heldt på til over midnatt, så det var godt å ha ein plass å varme seg. Husfliden lot oss bruke lokala sine i filmen, og hadde ein Ninjana-kopi i vindauget, og så var me så heldige at Helle lefser og bakevarer serverte oss middag. Me fekk også hjelp på Valle skule, seier Karin Moe Hennie.
Med seg som med-manusforfattar til filmen har ho den kjente skodespelaren Aksel Hennie.
Fått støtte
Karin Moe Hennie har fått støtte frå Sørnorsk filmsenter, Cultiva og Valle kommune til filmen. Under innspelinga i Valle vart også lokale skodespelarar nytta - ein av “tjuvane” blir spelt av Hege Jore Gakkestad, busett i Bygland men valldøl god som nokon. Også musikalsk var lokale krefter i sving, med Sigrid Berg på stev og Daniel Sandén Warg på fele og munnharpe. Hovudrolla i filmen har Sophia Tim frå Hånes.
– No står det att filming i studio og i Rosegården teaterhus. I Stargazer studios skal me skape hytta til Ninjana, som ligg ved Store Bjørnevatn, seier Karin Moe Hennie.
Ein Ninjana-kopi på husfliden i Valle.
Ilias Shakhbiev
"Tjuvane", mellom anna Hege Jore Gakkestad frå Valle.
Ilias Shakhbiev