No er nye Valle kultursenter lagt ut på anbod

Nye Valle kultursenter med eit budsjett på 74 mill. kr. er lagt ut på anbod med frist 20. juni.

Nye Valle kultursenter er no ute på anbod. - Klikk for stort bilete Trollvegg Arkitektur

Det blir bygt om lag 1800 kvm i det nye kultursenteret. Aktivitetssalen blir på om lag 350 kvm, med mobil amfitribune og dessutan plass til folk på golvet. I tribuna blir det plass til 140 personar. Totalt i salen kan ein få inn minst 250 personar.

– Ungdomsklubben får eige lokale på om lag 150 kvm, seier leiar teknisk i Valle kommune, Magnus Berg, som også er leiar i den administrative styringsgruppa for byggjeprosjektet. Levekårutvalet er politisk styringsgruppe. 

Eige budsjett for symjehallen

I prosjektet ligg også nye garderobar til symjehallen, nytt kjøkken, nytt varmeanlegg for kultursenter og skule, og så skal sjølve symjehallen rustast opp. Det er eit eige prosjekt budsjettert med fem mill. kr. 

Med byggjestart seint i haust betyr det at det nye kultursenteret står ferdig tidleg på nyåret 2026. 

HER er lenka til anbodet på Doffin.