No er tomtearbeid for firemannsbustad i Leite sør i Valle i gang

Valle kommune skal byggje ein firemannsbustad i det nye byggjefeltet Leite sør i Valle, og no er opparbeidinga av tomta i gang.

NOVO arkitekter Grunnarbeidet for firemannsbustaden i Leite sør er i gang. - Klikk for stort bileteGrunnarbeidet for firemannsbustaden i Leite sør er i gang. Geir Helge Solheim

I forkant har det vore rigging av utstyr, men frå måndag 31. mars er gravinga i gang. Det er TT Anlegg AS som skal ta grovplaneringa, utvendig VA-arbeid og byggjing av natursteinsmur i nedre del av tomta.

Byggjing i slutten av mai

Det er Evje Bygg som er totalentreprenør - verksemda kjem i gang med byggjinga i slutten av mai. 

– Tryggleiken er alltid i fokus, det er utarbeidd gode HMS-planar for prosjektet, spesielt med tanke på anleggsstransport med køyring av massar inn og ut via byggjefeltet. Det skal alltid vere ryggevakt ved rygging, og anleggsområdet skal sperrast av viss det er fare for at publikum kan forville seg inn i usikre område, seier prosjektleiar Tone Straume Wikeland i Prosjekthuset AS. 

Flyttar stien

Stien opp til dagsturhytta Lauvåsloptet er er flutt litt lenger nord på oppsida av vegen, og den er markert med plaststrimlar i trea slik at det skal vere greitt å passere utan å kome for nær anleggsområdet. Arbeidstida til entreprenøren vil normalt vere måndag-torsdag 07-17, men det kan også bli arbeid visse fredagar. 

– No oppmodar me alle om å respektere skiltinga i anleggsområdet, og skulle det dukke opp spørsmål er det bare å ta kontakt, seier Straume Wikeland.