No kan 4. klassingar landet rundt bli med i Batterijakten 2025
No kan fjerdeklassar på skular landet rundt melde seg på i Batterijakten, som går føre seg frå 17. mars til 6. april. Her i dalen har det vore batterijaktarar tidlegare, og det blir det nok denne gonga også.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 28.01.2025 14:00
Sist endra 28.01.2025 14:00
Ambassadørar for Batterijakten - no er det tid for påmelding!
Wanda Nordstrøm
Batterijakten er eit miljøtiltak som skulane også kan nytte som del av berekraftsundervisninga, og elevane får samstundes arbeide med konkrete miljøtiltak.
Samlar inn batteri
Som ein forstår av namnet er Batterijakten innsamling av brukte batteri til gjenvinning. Dei må også løyse kreative oppgåver, og hjelpe andre til å levere inn batteri. Kvart år er mange hundre fjerdeklassar med. Det er premiar til dei beste klassane.
HER er lenke til meir informasjon og påmelding.