Utsnitt som viser området der ein kan hogge seg gratis joletre.
Valle kommune
Det er Valle kommune som eig grunnen i eit avgrensa område rundt hytta, og der kan ein no hogge seg ei fin gran utan å betale ei krone for det.
- Det er eit naturleg avgrensa område, og me ser det er mange flotte tre der, seier leiar teknisk avdeling i Valle kommune, Magnus Berg.
Ordninga er i gang no, så det er bare å snøre på seg turskoa, legge øksa i sekken og gnu på!