No kan ein tinge tøming av septiktanken via heimesida

Frå no av kan ein tinge tøming av septiktank via eit skjema på heimesida til Valle kommune. 

For eigedomar med fast busetnad og med toalett tilknytt slamavskiljar eller minirenskeanlegg, blir det tømt ein gong kvart eller annankvart år. Dette skjer automatisk og må ikkje tingast. Ved eventuell ekstra tøming, og for fritidsbustader med tette tankar, må tøminga tingast. No er det altså råd via heimesida.

Tekniske tenester

Skjemaet for tinging finn ein under tekniske tenester der ein finn ein eigen knapp som heiter bestill tøming. Før tøming må ein klargjere og rydde kumlokka fri frå alt frå snø til anna som kan dekke til, ein må sjå til at området ikkje er sperra av gjerde eller anna, og tilkomstvegen må vere open for tømebilen.