No kan lokal ungdom søke seg sommarjobb i Valle kommune

Kvar sommar får lokal ungdom jobb i Valle kommune og får bryne seg på ulike oppgåver som grasklypping, måling og anna. No er søknadsskjemaet for årets sommar lagt ut med søknadsfrist 21 april.

Sverre Rinden i Valle kommune er klar til å ta imot søknader frå ungdom som vil ha sommarjobb. - Klikk for stort bileteSverre Rinden i Valle kommune er klar til å ta imot søknader frå ungdom som vil ha sommarjobb. Ole Birger Lien

Det er i vekene 26-33, altså frå måndag 23. juni til fredag 15. august at det skal vere sommarvikarar i sving i Valle kommune. Arbeidet vil altså først og fremst handle om grøntanlegg, utvendig måling av bygg og elles mindre forefallande oppgåver.

Bør ha fylt 16 år

Søkjarar bør ha fylt 16 år, og for somme av stillingane er det naudsynt å ha førarkort for bil. For den som treng hjelp til å fylle ut den digitale søknaden er det råd å ringe Valle kommune på tlf 37937500.

HER KAN DU LESE MEIR OM SOMMARJOBB

HER KAN DU SØKE PÅ SOMMARJOBB