Nøgd vinnar av Hemmeleg nisse-tevling
Mange deltok då Valle kommune skipa til Hemmeleg nisse-tevling på heimesida i romjola. Nyleg vanka det premie på vinnaren.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 19.02.2024 10:20
Sist endra 19.02.2024 10:20
Lene Christine Ødeskaug med gevinsten etter Hemmeleg nisse-tevlinga, ein Bergans dagstursekk.
Ole Birger Lien
Lene Christine Ødeskaug var den som til slutt vann tevlinga. Ho satsa heilt rett på at det var kjøpmann Kent Even Andersen som skjulte seg bak skjegg og solbriller. Her om dagen kunne ho innkassere gevinsten, ein Bergans dagstursekk.
– Så flott! No blir det friske turar! smilte ho då ho fekk premien sin.
Over 100 menneske deltok i tevlinga.