
For det er noko bestandig, uendra med dei, desse konstruksjonane lagt bokstaveleg tala stein for stein. Som forsøk på å rydde opp utmark til dyrka mark, som grenser og inngjerding - i generasjonar har dei lege her - medan me gjennom åra har farta forbi. Det er noko stille, verdig med dei - steingjerda.
Historien
Biletet frå kyrkjegarden på Rysstad er kan hende ikkje noko spesielt - eit steingjerde rundt ein kyrkjegard. Det er likevel bygda og menneska, dette. Stopp opp, neste gong du hastar forbi eit flott steingjerde - det er historien som ligg der..