Norsk Folkehjelp med øving i Valle sentrum i helga

Det blir mykje redningspersonell i Valle sentrum helga 8.- 10. mars, men det er ingen som treng å bli uroa - det er Norsk Folkehjelp som gjennomfører såkalla Afør-kurs, avansert førstehjelp.

Norsk Folkehjelp har øving i Valle sentrum til helga. - Klikk for stort bileteNorsk Folkehjelp har øving i Valle sentrum til helga. Norsk Folkehjelp

Kursinga i Valle er del tre av eit opplegg der det alt har vore samlingar i Arendal og Åmli. To av Norsk Folkehjelp sine medlemmer frå Setesdal er med på kurset.

– Norsk Folkehjelp blir veldig synlege i store deler av Valle sentrum i helga. Det blir også drege inn ambulanseberedskap i øvinga, og fleire medlemmer frå ulike lokallag er med, seier Birgit Homme Harstad i Norsk Folkehjelp. 

Grunnkurs i førstehjelp i april

Norsk Folkehjelp Setesdal skipar til grunnkurs i førstehjelp i Valle 12.- 14. april. Som medlem i Norsk Folkehjelp Setesdal kan ein få kurset, og det er gratis. Viss ein gjennomfører kurset blir ein godkjent førstehjelpar og mannskap i Norsk Folkehjelp. Organisasjonen er frivillig, og det er også frivillig å delta på aksjonar.

HER er meir info om Norsk Folkehjelp

Vil ein ha meir informasjon kan ein vende seg til Birgit Homme Harstad på e-post HER eller på tlf 917 78 410