Nullvisjonen Agder vitja Valle skule

Valle kommune er med i Nullvisjonen Agder, ei satsing som driv haldningsskapande arbeid for å redusere og helst bli heilt kvitt dødsulykker i trafikken. Nyleg vitja organisasjonen Valle skule.

Bjørn Ivar Birkeland i Nullvisjonen Agder og lærar Kristine KLeiveland. - Klikk for stort bileteBjørn Ivar Birkeland i Nullvisjonen Agder og lærar Kristine Kleiveland. Valle skule

Dit kom Bjørn Ivar Birkeland og var med på eit personalmøte på skulen. Det seier seg sjøl at skal Nullvisjonen Agder nå fram med gode haldningar til skuleelevar, ja då må dei også ha med seg dei tilsette på laget!

Informerte om arbeidet

I Valle informerte Birkeland om arbeidet Nullvisjonen Agder held på med. I og med at Valle kommune er med i satsinga, er det mykje enklare å drive godt forebyggjande arbeid.

– Me fekk eit innblikk i kva ein kan få til av ulike prosjekt. Nullvisjonen Agder ser på trafikktryggleik ikkje bare på vegane, men også til fjells og i samband med sykkeltrafikk. Rus, fart og ikkje minst mobilbruk bak rattet er vesentlege tema, seier rektor ved Valle skule, Marit Jaabæk Brokke.

Trafikkdag

Etter møtet på Valle skule vart det avklara at det skal skipast til både trafikkdag før sommarferien og dessutan temadag til hausten. Deltakinga blant dei tilsette på Valle skule viser at trafikktryggleik er eit tema alle tar på djupaste alvor. Det er faktisk ikkje å overdrive å slå fast at arbeidet Nullvisjonen Agder held på med, er eit spørsmål om liv og død! 

Engasjerte tilsette på Valle skule trefte Nullvisjonen Agder. - Klikk for stort bileteTilsette på Valle skule trefte Nullvisjonen Agder. Valle skule