Den nye avkøyrsla til Valle skule kjem mellom autovernet og skiltet til venstre i biletet.
Magnus Berg
Trafikktryggleik har vore prioritet nr. 1 for Valle kommune i prosessen, heile anleggsområdet er prega av skilting og oppmerking for å skilje anleggstrafikk frå annan trafikk og ikkje minst skuleborna. Innspelet frå FAU vart då også gripe fatt i av kommunen umiddelbart, og no kjem altså den mellombelse avkøyrsla på plass.
– Me gjekk rett i dialog med Statens vegvesen, som var konstruktive og løysingsorienterte, seier leiar teknisk i Valle kommune, Magnus Berg.
FAU-initiativ
Snart tar rivinga av den gamle gymsalen til. Det vil medføre auke i anleggstrafikken, og var litt av bakgrunnen for at FAU kom med innspel om ei avkøyrsle slik at lastebilane kan køyre beint frå riveområdet og ut på riksvegen.
– Målet no er at avkøyrsla kan kome på plass før rivinga tar til, seier Berg.
Han meiner sjølve opparbeidinga av den nye vegstubben skal kunne gå kjapt.
Ferdig med høgspenten
Status elles i prosjektet er at arbeidet med høgspentkabelen er ferdig, vatn og avløp skal leggjast om, og rivinga av den gamle gymsalen skal ta til i desember. Det har vore litt trøbbel med inngongsdøra til hallen i sør, men den er no i orden.