Torunn Charlotte Nyberg, Marit Flateland og Margrethe Bakke Harstad framom det gamle herradshuset i Valle, som også er Valle ungdomshus.
Ole Birger Lien
– Det var resultata frå undersøkinga Ungdata, der det kom klokkeklåre signal om at ungdomen ville ha ein møteplass i sentrum, at me sette i gong. Valle kommune har heile vegen vore veldig positiv, ein ja-kommune, seier Bakke Harstad.
Valle kommune lar Valle ungdomshus få bruke lokala i det gamle herradshuset gratis, og dekker også straumutgiftene.
– I tillegg til ynskjet om ein møteplass er det også slik at i samband med ombyggjing og nybyggjing av Nye Valle kultursenter blir ein del av aktiviteten som skulle ha vore der lagt til heradshuset. Så frå hausten av blir difor den ordinære ungdomsklubben både i heradshuset og soknehuset på Rysstad, seier leiar kultur i Valle kommune, Torunn Charlotte Nyberg.
Treng at folk bidrar
Med opplegget klart, er det bare ein faktor som avgjer om satsinga lar seg gjere: friviljug innsats. Utan at foreldra engasjerer seg, blir det vanskeleg. Med skulane i gang er det mykje ungdom som ynskjer eit tilbod i Valle ungdomshus, så for foreldre som kunne tenke seg å vere med, er det bare å melde seg! Målet er at alle foreldre med born i Valle ungdomshus stiller som frivillige i ei rullering.