Anders og Linn har saman med Christoffer og Yusuf, frå faget «Samskaping – teori i praksis», arbeidd med problemstillinga: «Korleis kan Valle kommune bli meir attraktiv for kvinnelege tilflyttarar?»
Henrik Kyte Assmann
Anders Nesdal og Linn Bjørkegra har saman med Christoffer Skjelstad og Yusef Said, frå faget «Samskaping – teori i praksis», arbeidd med problemstillinga:
«Korleis kan Valle kommune bli meir attraktiv for kvinnelege tilflyttarar?». Studentgruppa har brukt den såkalla dobbeltdiamant-metoden, der ein først opnar opp for brei innsikt før ein snevrar inn mot konkrete løysingar. Yusef Said forklarte at arbeidet starta med å skaffe brei oversikt over forhold som pregar eit bygdesamfunn, før gruppa definerte problemstilling og moglege tiltak. Kommuneplan, djupneintervju og ei eiga feltreise til Valle gav eit solid grunnlag for arbeidet. Studentane deltok også på Setesdalskonferansen, der fleire intervju gav endå meir innsikt.
Livsstil og fellesskap som drivkrefter
Studentane fann at kvinner som buset seg i mindre lokalsamfunn, ofte blir motiverte av livsstil, familie og fellesskap. I tillegg viste studien at dei som vart intervjua, elska å bu i Valle. Det er eit godt teikn og bør vere god reklame for bygda.
– Vi har henta inspirasjon frå ei dansk studie om varme soner – stader der det er godt å bu, leve og jobbe, fortalde Anders Nesdal.
Linn Bjørkegra la til at livskvalitet og sosialt miljø er sentrale faktorar for kvinner som vurderer bygda som bustad.
Utdanning dukka opp som nøkkelfaktor
Eitt av funna som overraska gruppa mest, handlar om utdanning. Dei peikar på at mange ungdomar flyttar ut av dalen etter 10. klasse.
– Endringar i inntaksmodellen kan gjere det mogleg å leggje fleire studieretningar til Setesdal vidaregåande skule. Det vil auke sjansen for at ungdom både får læreplass og jobb i regionen – og blir verande, seier Bjørkegra.
Intervjua viste at initiativ og deltaking i kultur- og idrettsliv er ein sentral nøkkel til å bli integrert i bygda.
– Vi høyrde òg om bygdedyret, men det gjorde vi òg frå ein ivrig publikummar i etterkant også – som fortalde at det også finst bygdedyr på Hånes i Kristiansand. Det skapte god latter. At det fins ein lokal jungeltelegraf i lokalsamfunn, er nok ikkje unikt for Valle, fortalde Nesdal.
Studentane peikar òg på eit sterkt, lokalt gründermiljø som eit tydeleg fortrinn Valle kan synleggjere meir.
Ein breiare arbeidsmarknad enn mange trur
Gjennom intervjua fekk studentane innblikk i ein variert arbeidsmarknad. Dei antok på førehand at kvinner i Valle i hovudsak jobbar innan helse, utdanning og administrasjon, men biletet viste seg å vere breiare enn som så.
– Det var òg positivt å sjå at intervjua våre ikkje avdekte teikn til skeivskapar i likestillingskultur, seier Said.
Studentane anbefaler tydelegare kommunikasjon mot tilbakeflyttarar.
– Dei er lettare å nå, dei kjenner til bygda og naturen, og har gjerne eit sosialt nettverk. Nokon trur kanskje dei manglar jobbmoglegheiter, så her kan kommunen synleggjere arbeidsmarknaden betre, seier Nesdal.
Mot nye tilflyttarar kan kommunen løfte fram tryggleik, livskvalitet, gründermoglegheiter og naturnær livsstil.
I tillegg blir det understreka kor viktig det er å motivere eigne innbyggjarar som ønskjer å bidra til eit levande lokalsamfunn.
Eit sitat som festa seg
Under presentasjonen trekte Nesdal fram ei formulering som fekk publikum til å stoppe opp:
– Det handlar om å gjere valet om å flytte ut så vanskeleg som mogleg, og å flytte heim så lett som mogleg.
Studentgruppa fortel at si eiga reise til Valle gjorde inntrykk:
– Felturen gjorde bygda kjend for oss på ein heilt annan måte. Fleire i gruppa kunne faktisk sett for seg å bu der, seier Said.
Tre tilrådingar til Valle kommune
- Bruke dei ressursane som allereie finst lokalt i Valle
- Ta i bruk fleire og nyere kommunikasjonskanalar
- Vidareutvikle Valle som eit inkluderande og initiativvennleg lokalsamfunn
- Kople seg på eksisterande rapportar og prosjekt som allereie arbeider mot det same målet: GNIST, Bygda 2.0 og «Varme soner».