Ny løysing for å melde inn feil på vegljos i Valle kommune

Rundt om langs vegane i bygd og grend i Valle er det mange vegljos. No har kommunen kome opp med ei varslingsteneste på heimesida viss ein ser eit ljos som har slokna.

Geir Helge Solheim i Valle kommune viser kor knappen for å varsle om defekte gateljos i kommune er å finne på den kommunale heimesida. - Klikk for stort bileteGeir Helge Solheim i Valle kommune viser kor knappen for å varsle om defekte gateljos i kommunen er å finne på den kommunale heimesida. Ole Birger Lien

På framsida på heimesida til kommunen er det ein eigen knapp ein trykker på for å varsle. Løysinga heiter Dokflyt.

– Når ein kjem inn der trykker ein på lenka. Då får ein opp kart der alle vegljosa er markert som gule prikkar. Har ein oppdaga eit ljos som har slokna, kan ein trykke på den rette gule prikken og det blir sendt melding om at ljoset ikkje fungerer, seier Geir Helge Solheim i Valle kommune.

Punkt på kartet som viser raude prikkar er ljos som alt er melde inn som defekte og som står på lista over det som skal reparerast.

Kan sende melding

Som del av varslinga kan ein også skrive inn ei melding - og viss ein vil kan ein skrive namnet sitt. Det siste er ikkje nødvendig for å få sendt varslinga.

– Denne løysinga gjer varslingstenesta veldig tilgjengeleg, og gjev oss mange “agentar” som enkelt kan seie frå viss eit ljos er øydelagt, slår Solheim fast.

Kart over vegljos i Valle kommune. Alle dei gule prikkane er vegljos. - Klikk for stort bileteKart over vegljos i Valle kommune. Alle dei gule prikkane er vegljos.