
Rabatten er tilsvarande den alle mellom 19-24 år har i dag.
– For meir informasjon om tilbodet og korleis ein kan gjere seg nytte av det, vil eg oppmode folk om å ta kontakt med næraste offentlege tannklinikk, seier verksemdsleiar for tannhelsetenesta i Agder fylkeskommune, Svein Resset.
Individuell vurdering
Omfanget av tannhelsetilbodet skal basere seg på individuell vurdering av den enkeltes behov. For dei i Noreg med mellombels opphald er det krav om fem års butid i landet.
HER er meir informasjon om saka.