Ny runde med søknad om snøscooterløyve i Valle kommune

Det skal bli hektisk i kommunehuset i Valle i haust - alle snøscooterløyve gjekk ut 1. mai i år, og no må alle som meiner dei har rett på løyve søke om nytt.

Knut Gunnar Brokke Solli i Valle kommune kan vente seg ein hektisk haust, alle scooterløyve i kommunen gjekk ut i mai i år og no må alle som meiner dei kan få løyve, søke om det. - Klikk for stort bileteKnut Gunnar Brokke Solli i Valle kommune kan vente seg ein hektisk haust, alle scooterløyve i kommunen gjekk ut i mai i år og no må alle som meiner dei kan få løyve, søke om det. Ole Birger Lien

Administrasjonen i Valle kommune arbeider no med ei ny digital løysing.

– Alt dette skal på eit digitalt skjema. Frå 1. september vil alle relevante skjema vere klare til bruk. Alle som søker og får innvilga løyve vil ha det klart seinast 1. januar, men søknadene som kjem inn blir handsama fortløpande, så mange vil ha løyvet sitt før den tid, seier leiar velkomst, Gunn Marith Homme.

Kjem meir informasjon

Det blir lagt ut meir informasjon om søknadsprosessen og ikkje minst lenker til det som er av aktuelle skjema 1. september.

– Dette skal ut på heimesida, Facebook og via appen Civis. For den som ikkje har Civis er det på tide å laste løysinga ned.

HER er meir info om Civis