Nye rundar med passbilen i Valle til våren

Til våren kjem passbilen til Valle att, og den som vil ha seg nytt pass bør tinge seg time snarast, for det er ikkje meir kapasitet enn det må!

I april kjem passbussen til Valle att. - Klikk for stort bileteI april kjem passbilen til Valle att. Politiet

Politiet seier at grunna reduserte løyvingar kjem bilen sjeldnare enn før, og enkelte stoppestader, som til dømes Evje, er kutta ut.  Så kjem altså passbilen likevel til Valle til våren, datoane er 25. april klokka 08.15.15.30 og 26. april 08.15-10.00. Til Vinje (Åmot) kjem bilen 22., 23. og 24. april.

Kan få hjelp

Den som vil sikre seg nytt pass på ein av dei datoane må tinge seg time på nett.

– Viss ein treng hjelp til å tinge time kan ein ringe Valle og Bykle politistasjon på tlf 38136850, seier politioverbetjent i Setesdal politistasjonsdistrikt, Dag Hovden.

HER kan ein tinge seg time på nett.