Nye turnuslegar i gang i Valle og Bykle
Nye LIS1-legar, tidlegare kalla turnuslegar, kjem i sving både i Valle og Bykle frå i dag 1. september.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 01.09.2025 13:12
Sist endra 01.09.2025 13:12
Sondre Moseid tar til som turnuslege i Valle i dag 1. september.
Privat
Charlotte Grøgaard skal arbeide i Bykle og på Hovden, medan Sondre Moseid skal arbeide ved legekontoret i Valle. Dei skal begge arbeide i Setesdal fram til 28. februar neste år. I tillegg kjem legevikar Are Eikrem Fredriksen. Han skal vere vikar på alle tre legekontora frå 1. oktober og fram til utgangen av februar neste år.