Nye Valle kultursenter ut på anbod i april/mai

Nye Valle kultursenter med eit budsjett på 74 mill. kr. skal ut på anbod i løpet av april/mai.

– Målet er byggjestart seint i haust, seier innleigd prosjektleiar Tone Straume Wikeland i Prosjekthuset AS.

Nye Valle kultursenter skal ut på anbod. - Klikk for stort bileteNye Valle kultursenter skal ut på anbod. Prosjekthuset AS

Det blir bygt om lag 1800 kvm i det nye kultursenteret. Aktivitetssalen blir på om lag 350 kvm, med mobil amfitribune og dessutan plass til folk på golvet. I tribuna blir det plass til 140 personar. Totalt i salen kan ein få inn minst 250 personar.

– Ungdomsklubben får eige lokale på om lag 150 kvm, seier leiar teknisk i Valle kommune, Magnus Berg, som også er leiar i den administrative styringsgruppa for byggjeprosjektet. Levekårutvalet er politisk styringsgruppe. 

I prosjektet ligg også nye garderobar til symjehallen, nytt kjøkken, nytt varmeanlegg for kultursenter og skule, og så skal sjølve symjehallen rustast opp. Det er eit eige prosjekt budsjettert med fem mill. kr. 

Ferdig tidleg i 2026

Med byggjestart seint i haust betyr det at det nye kultursenteret står ferdig tidleg på nyåret 2026.

– No gler me oss over å ha kome så langt i prosessen, og ser fram til vegen vidare, seier Tone Straume Wikeland.