Oddvar og Ingvild bygde så godt at dei fekk byggeskikkpris av Valle kommune!

Oddvar Homme (34) og kona Ingvild Hørte Homme (28) fekk Valle kommune sin Byggeskikkspris under nasjonaldagsfeiringa i soknehuset på Rysstad. Prisen, som er den første av sitt slag Valle kommune deler ut, fekk dei for å “bygge nytt gamalt”.

Oddvar Homme og Ingvild Hørte Homme med prov på at dei fekk historiens første byggeskikkspris frå Valle kommune. Ole Birger Lien

Det vil seie at bustaden dei har fått opp i Bjøddebakke i Homme grendefelt på alle vis ser ut som eit staseleg bustadhus i gamle dagar. I grunngjevinga til juryen blir det peika på at bustaden og loptet er bygt i alt i klassisk stil i tråd med det beste i lokal byggjetradisjon. Det blir peika på at den to-etasjes lafta bygningen med stabbur er plassert fint i landskapet mellom dyrka mark og skog som del av eit gardsbruk, og er ein verdig vinnar av årets byggeskikkpris. 

– Bygningen dannar ein god heilskap med eksisterande uthusbygning, heiter det frå nemnda som har vore jury når prisvinnaren er plukka ut. Det var planutvalet i Valle som oppretta prisen og valde ei byggeskikknemnd med Margit Dale som leiar saman med Kristin Nomeland, Knut Olav Tveiten og Knut H. Rysstad.

– Veldig moro

Oddvar og Ingvild planla og teikna bygget saman. I desse dagar ventar dei born nr. 3 - tid til å glede seg over byggeskikksprisen har dei likevel.

– Det var i grunnen Ingvild meir enn meg som ville ha eit hus i laft, så då me sette oss ned og skulle teikne bustaden landa me fort på at me ville gå for det tradisjonelle, seier Oddvar.

Teikning og mykje av forarbeidet har dei gjort sjølv. Sjølve laftinga er det Tor Daniel Aas i Engesland som står bak.

– Me var ute etter det autentiske, og når me får ein slik pris må me vel konkludere med at me trefte godt, smiler paret.

Oddvar er i det daglege murar, medan Ingvild arbeider i heimesjukepleien. Med fersk byggeskikkspris på veggen handlar no altså det meste om heilt andre ting - med tredje bornet like om hjørnet får laft, tradisjon og det meste anna vente!

– Me sette i alle fall veldig pris på dette, seier Oddvar og Ingvild.

Målet med den nyoppretta prisen er å stimulere til god byggeskikk både ved nybygg og ved istandsetting, eller endring av det bygningsmiljøet ein har i dag. Arkitekt Harald Lone har følgt byggeskikknemnda som fagrådgjevar. 

Staseleg bustadhus med lopt i Bjøddebakke i Homme grendefelt. Ole Birger Lien