Offensiv satsing med folkemusikklærar-stilling i kulturskulane i øvre Setesdal

Både som bidrag til kulturskulane men også som del av det omfattande Unesco-prosjektet i øvre Setesdal lyser Valle kommune ut full stilling som kulturskulelærar på nyåret. Satsinga er eit samarbeid mellom Unesco-kommunane Valle, Bykle og Bygland.

Kulturleiar i Valle kommune, Torunn Charlotte Nyberg, håpar mange søkjer stillinga som folkemusikklærar i kulturskulane i Valle, Bykle og Bygland. - Klikk for stort bileteKulturleiar i Valle kommune, Torunn Charlotte Nyberg, håpar mange søkjer stillinga som folkemusikklærar i kulturskulane i Valle, Bykle og Bygland. Ole Birger Lien

– Stillinga er i utgangspunktet eit treårig prosjekt, men med god sjans for forlenging. Den som får jobben skal virke som kulturskulelærar innan folkemusikk i alle tre kommunane, seier kulturleiar i Valle kommune, Torunn Charlotte Nyberg.

Ho legg til at ei aktuell løysing kan vere at to personar deler på stillinga.

– Det viktigaste er at me finn ressursane og kompetansen me er ute etter. Me har stor pågang i kulturskulen etter nettopp folkemusikk, spesielt fele og leikarring. Me gler oss over interessa og vil leggje til rette for eit miljø i vekst, seier ho.

I skular, barnehagar og kulturskulane

Stillinga som no kjem på plass skal ha sitt hovudvirke i kulturskulane i dei tre kommunane, men ein viktig del av stillinga er å drive rekrutteringsarbeid.

- Me må mobilisere grasrota, rekruttere i breidda og arbeide for at born og unge skal oppleve den lokale kulturen som ein naturleg og sjølvsagt del av oppvekst og identitet. I tillegg må vi gi dei som ønskjer å spisse seg innan folkemusikk sjansen til det. Det er blant dei unge at framtidas forvaltarar og formidlarar er å finne. Stillinga som no blir lyst ut skal altså hovudsakleg operere i kulturskulane, men også samarbeide med Gorrlausprosjektet i skular og barnehagar, og det frivillige. I kulturskulane er det eit klart mål å auke talet på elevar innan folkemusikk, seier Nyberg.

Ho legg til at den eller dei som får stillinga må vere synlege i lokalsamfunnet, samarbeide godt med det frivillige og vere engasjert også opp mot UKM og andre arenaer der det vil vere naturleg.

- Me ynskjer ei heilskapleg satsing på Unesco-prosjektet. Det er tradisjonsmusikken og dansen i desse tre kommunane som har fått Unesco-status, og me har lokalt ansvar for å verne om, formidle og vidareføre denne kulturarven i tett samarbeid med Setesdal Spelemannslag. Noko av det viktigaste i så måte er rekruttering, seier Nyberg.

Gorrlaus

I 2018 vart rekrutteringsprosjektet Gorrlaus, som er eit samarbeid mellom dei tre øvre setesdalskommunane og Setesdal spelemannslag, starta opp. Med midlar mellom anna frå FolkOrg/Dextra, fond og Den kulturelle skulesekken, og med bidrag frå Agder fylkeskommune, vart det mellom anna kjøpt inn klassesett av boka "Dommelidei" med CD. Det kom også inn støtte til innkjøp av hardingfeler og munnharper. Gorrlaus er no del av Unesco-prosjektet, og går føre seg i barnehagar og grunnskular i alle dei tre øvre setesdalskommunane. Den interkommunale folkemusikklæraren skal samarbeide tett med prosjektet.

– Stillinga blir altså lyst ut på nyåret, med søknadsfrist tidleg på våren. No håpar me på mange aktuelle søkjarar, og ser fram til ytterlegare styrking av både Unesco-satsinga og kulturskulane våre, seier Torunn Charlotte Nyberg

Ei ekstra gulrot for den eller dei som får stillinga er at Landskappleiken i juni 2026 skal skipast til i Setesdal. Då er det venta nær 10.000 menneske til Hovden - folkemusikkmiljøet i Setesdal blir nok positivt prega av dette heile vegen fram til startskotet går med førebuingar og arrangement!