Om hytter og straum på Valle kommune sin næringsfrukost

Det var godt oppmøte då Valle kommune skipa til næringsfrukost på Sølvgarden hotell onsdag morgon. Blant fleire tema tok mange opp hyttebyggjing og utvikling i åra som kjem, og eit straumnett som ikkje er like godt alle stader i kommunen.

Frå næringsfrukost på Sølvgarden hotell onsdag 19. februar. - Klikk for stort bileteFrå næringsfrukost på Sølvgarden hotell onsdag 19. februar. Ole Birger Lien

Frå administrasjonen i Valle kommune gjekk ein gjennom alt frå planarbeid, der ein mellom anna har starta ein prosess som skal ende i kommunedelplan Brokke, til næringssatsing, bustadpolitikk og ikkje minst planar for arealbruk. Rådgjevar plan og forvaltning, Åse Ingebjørg Flateland, gjekk saman med kommunedirektør Vidar H. Homme gjennom dei viktigaste punkta sidan sist kommunen skipa til frukoststund med lokalt næringsliv.

Regionrådet om kompetanse

Setesdal regionråd var også med på samlinga. Dei gjekk gjennom Kompetanseprogram for verksemder som vil styrke konkurransekrafta si gjennom systematisk berekraftsarbeid.

HER er lenke til prosjektet.

Om hyttebyggjing og straum

Frå salen kom det fleire spørsmål om utviklinga i Brokke. Somme var redde for at det no skal bli mindre aktivitet med hytter, andre peika på at kanskje nettopp å skunde seg sakte er løysinga.

– Det er jo dette me skal konkretisere i kommunedelplan Brokke,  og den planen er me ikkje i mål med. Me held no på med ein plan for arbeidet med prosessen vidare, sa kommunedirektøren.

– I stega som ventar skal alle bli høyrt. Medverknad blir viktig her. Då er også ein arena som dette viktig, me held fram med møtepunkt mellom kommunen og næringslivet i prosessen vidare, sa Flateland.

Dei streka under at kommunedelplan Brokke tidlegast blir vedteken i kommunestyret i løpet av 2026.

Også straumnettet i kommunen vart tema. Somme stader er kapasiteten god, andre stader mangelfull. Løysingar kom det ikkje, men frå administrasjonen vart det peika på at å få behovet for oppgraderingar på bordet er ein viktig del av arbeidet i åra som kjem. Valle-ordførar Lars Tarald Myrum runda av samankomsten med å gratulere Sølvgarden hotell, som nyleg fekk Årets Reiselivspris for 2025 av Sparebanken Sør og Visit Sørlandet.

Nøgde karar på næringsfrukost. Frå venstre: Knut H. Rysstad, Olav Straume og Tor Espen Helle. - Klikk for stort bileteNøgde karar på næringsfrukost. Frå venstre: Knut H. Rysstad, Olav Straume og Tor Espen Helle. Ole Birger Lien