Om joletradisjonar i Ukraina i Valle radio neste vekeDenne veka har fire flyktningar frå Ukraina vore i sving med opptak og regi i Valle radio. Det resulterer i ei førjolssending i neste veke. Publisert av Ole Birger Lien Publisert 06.12.2023 13:54 Sist endra 06.12.2023 13:54 Ukrainarar som fortel om jola heime i Valle radio neste veke. Birgit Homme Harstad På lufta kjem dei til å fortelje historiar om joletradisjonane dei er vande med i heimlandet. Oleksii, Nadiia, Volodymir og Olha er nok vande med heilt andre måtar å feire jol på, men kan hende er det ein del felles og? For den som vil vite det er det bare å få med seg sendinga neste veke.