Omkøyring forbi Bykletunnelane blir avslutta 16. desember

Arbeidet på riksveg 9 ved Bykletunnelane blir fullført innan 16. desember. Då blir det slutt på omkøyring, og trafikken går gjennom tunnelane som før.

Omkøyringa ved Bykletunnelane blir avslutta 16. desember. - Klikk for stort bileteOmkøyringa ved Bykletunnelane blir avslutta 16. desember. Petter Instefjord Nodeland, Statens vegvesen.

Oppgraderinga både av Sandfjødd og Byklestigen har blitt meir omfattande enn opphaveleg planlagt - fordi Statens vegvesen har nytta sjansen i anleggsperioden til å rekke over meir enn ein trudde skulle vere råd. I tunnelane er no alt av elektro og ljos på det næraste skifta ut.

– Takka vere greitt ver og løysingsorienterte arbeidarar har me fått gjort veldig mykje meir enn me i utgangspunktet såg for oss, seier Torgeir Hodne i Statens vegvesen.

Rekkverksarbeid

Noko av ekstraarbeidet som no er gjort er rekkverksarbeid, utviding av sideterrenget og utskifting av dårlege massar i vegen. Det er skifta overvassrøyr, lagt kanststein og ny asfalt.

– Det me har fått gjort ekstra no fører med seg at det blir endå lengre til neste gong ein må stenge av for vedlikehald, seier Hodne.

Enn så lenge held altså omkøyringa via Movegen fram - men altså bare til 16. desember.