Røyrleggjing for nye Valle kultursenter er no i gang.
Geir Helge Solheim
Det er omleggjinga av vatn og avløp som no er i full gang, med grøfting og røyrleggjing frå morgon til kveld.
Det skal byggjast om lag 1400 kvm i det nye kultursenteret. Aktivitetssalen blir på om lag 350 kvm, med amfitribune og dessutan plass til folk på golvet. I tribuna blir det plass til 200 personar. Totalt i salen kan ein få inn minst 240 personar. Den planlagte klatrehallen er teken ut av prosjektet.
Eige lokale for ungdomen
– Ungdomsklubben får eige lokale på om lag 150 kvm, seier leiar i teknisk eining i Valle kommune, Magnus Berg.
I prosjektet ligg også nye garderobar til symjehallen, nytt kjøkken, nytt varmeanlegg for kultursenter og skule, og så skal sjølve symjehallen rustast opp. Det er eit eige prosjekt budsjettert med fem mill. kr.
– Målet er at alt er ferdig våren 2026, seier Berg.