Onsdagskaféen med mange samlingar i haust
Onsdagskaféen på Valle bygdeheim er eit populært tilbod. Fleire samankomstar ventar.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 29.08.2025 10:27
Sist endra 29.08.2025 10:27
Onsdagskaféen på Valle bygdeheim har mange samlingar i haust.
Ole Birger Lien
3. september blir det skipa til førehandsrøysting som del av samlinga. 10. september er det sosialt samvær og kos, medan det er andakt på programmet 17. september.
Rock rundt klokka
24. september er det ny runde med sosialt samvær før det smell til med Rock around the clock 1. oktober. Onsdagskaféen blir skipa til frå klokka 10.30 til 14, og hugs at det også er råd å få kjøpt seg middag til ein billeg penge desse dagane!