Ope i biblioteket i Valle sommaren gjennom

Lesehestar skal ikkje fortvile om mykje stenger i sommar, biblioteket i Sæbyggjen i Valle held ope!

Det er ope i biblioteket i Sæbyggjen sommaren gjennom. - Klikk for stort bileteDet er ope i biblioteket i Sæbyggjen sommaren gjennom. Ole Birger Lien

Spesielt med tanke på det til no svært skiftande veret kan ei god bok ein grå og våt sommardag vere midt i blinken - og ein skal altså sleppe å gå tom for lesestoff! I perioden 24. juni - 16. august er det ope i biblioteket mellom 10-15. I tillegg til utlån er det sal av bøker og lydbøker på CD. Kaffi og te kan ein også få kjøpt seg.

Meirope

I tillegg til ordinære opningstider har ein ved biblioteket i Valle også såkalla meirope. Det betyr at alle som har signert kontrakt kan kome seg inn i tidsromet 07-23. Dette gjeld alle dagar i veka.