Open dag i Nistebui i Brokke laurdag 4. oktober
I samband med arbeidet med kommunedelplan Brokke skipar Valle kommune til open dag i Nistebui i Brokke førstkomande laurdag klokka 10-15.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 29.09.2025 12:51
Sist endra 29.09.2025 12:51

Bakgrunnen for tilskipinga er at ein i planprosessen har sterk fokus på medverknad frå fastbuande og hyttefolk. I Nistebui kan folk kome med innspel og tankar om framtida, kommunedelplan Brokke og det ein ser for seg som viktig med tanke på utviklinga av området.
– Ein kan røe med oss, teikne og forklare eller bare kome med eit skriv, me er opne for det meste, seier rådgjevar plan og forvaltning i Valle kommune, Åse Ingebjørg Flateland.
MEIR INFO OM KOMMUNEDELPLAN BROKKE