Open dag med sirkus og aktivitetar i Valle kultursenter laurdag 4. mai

For den som vil tumle med alt frå bading til sirkus så er staden Valle kultursenter laurdag 4. mai frå klokka 11-15!

Det er open dag i Valle kultursenter laurdag 4. mai, med alt frå eigenaktivitetar til sirkus! - Klikk for stort bileteDet er open dag i Valle kultursenter laurdag 4. mai, med alt frå eigenaktivitetar til sirkus!

Då blir det skipa til open dag i regi av kultur og fritid i Valle kommune. Sirkus Sibylla kjem med framsyning og aktivitetar spesielt retta inn på borna. Valle juniorklubb skipar til kafé, og der kan ein få kjøpt alt frå pylser til sjølvlaga smoothies, kaffi og snacks. 

Måleverkstad

Christin Uppstad kjem til kultursenteret og skal ha måleverkstad. Der skal det handle mest om abstrakt teikning og måling, ho skal mellom anna vise dei som er med korleis dei kan jobbe med symmetriske figurar. Det er gratis inngong både til basseng og badstoge, og den siste havtimen blir det UKM Junior-konsert med dei yngste elevane frå kulturskulen i Valle i Storstoga.  Ein innhaldsrik dag i Valle kultursenter altså!