Open dag om kommunedelplan Brokke i Valle kommunehus 15. september
Valle kommune skipar til open dag om kommunedelplan Brokke i komunehuset i Valle måndag 15. september klokka 13-19.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 09.09.2025 14:59
Sist endra 28.10.2025 08:47

Valle kommune er i gang med ein ny kommunedelplan for Brokke. Planprogrammet vart vedteke i mars 2025. Formålet med planarbeidet er å fremje ei berekraftig samfunnsutvikling og auka næringsattraktivitet samstundes som ein kjem morgondagens etterspurnad og krav i møte. På møtet kan folk kome innom for å gi innspel til arbeidet med kommunedelplan for Brokke. Trollvegg og Valle kommune vil vere til stades fram til kl 19.00
Fleire sjansar
Viss du ikkje har tid denne dagen, så vil det og vere mogleg å møte kommunen her:
Laurdag 27.september - Sauesjåmarknaden
Laurdag 4. oktober - Brokke Alpinsenter