Open hall i Valle sundag

Vallehalli er open sundag 15. desember mellom klokka 12-14.

Dit kan store og små kome og tumle. Hallen blir delt inn noko etter aldersgrupper og aktivitet - og når det gjeld aktivitetar er det meste aktuelt!

Godt fellesskap

Mykje av tanken bak open hall er nettopp at folk i ulik alder kan samlast i eit aktivt og godt fellesskap. Leik og samhandling gjev gevinst langt utanfor sjølve dagen i hallen. Sundag er det altså bare å gnu på frå klokka 12!