Oppmodar fleire om å bli lærarar i barnehagar og skularEit prosjekt som arbeider med rekruttering til skular og barnehagar kjem no ut med ein kampanje for å oppmode fleire om å ta lærarutdanning. Publisert av Ole Birger Lien Publisert 26.03.2025 12:01 Sist endra 11.04.2025 13:12 Kampanjen rettar seg først og fremst mot dei som er mellombels inne som tilsette i skular og barnehagar mellom vidaregåande skule og studiar. Bak prosjektet står KS, Utdanningsforbundet og Universitetet i Agder. Bodskapen er å anerkjenne dei som tar korte eller lengre periodar som lærarar - og å gje dei eit “dult” i retning å vurdere utdanning som lærar i barnehage eller skule - no før fristen for å søke høgare utdanning, som er 15. april.Her er lenka til fleire lærarar i barnehage og skule-prosjektet