Oppstartsmøte for Valle Biljardforening i dag torsdag 30. januar

I lokala der “Sverre” låg, altså den gamle daglegvarebutikken i Valle sentrum ovanfor gamle Valle handel, skal det startast biljardforeining. Det er oppstartsmøte og idemyldring i dag torsdag 30. januar klokka 18.

Valle Biljardforening opnar i lokala der "Sverre" låg i gamle dagar. Opning og idemyldring er i dag torsdag 30. januar klokka 18. - Klikk for stort bileteValle Biljardforening opnar i lokala der "Sverre" låg i gamle dagar. Opning og idemyldring er i dag torsdag 30. januar klokka 18. Valle Biljardforening

Då kan alle med interesse for og meiningar om etableringa kome og delta med innspel og synspunkt. Biljard blir det nok også, sjølv om det bare er eitt biljardbord på plass enno.

Idemyldring frå klokka 20

Lokala opnar klokka 18, medan sjølve idemyldringa tar til klokka 20. Det vankar pylser og brus, kjeks og kaffi på alle frammøtte, og Valle Biljardforening er ope for unge, vaksne og eldre! Ein speleplass for kortspel og brettspel er også på plass, og ikkje minst sofagrupper der ein kan slenge seg nedpå og la røa gå!