Opptak til nytt barnehageår

Valle kommune har eitt hovudopptak til barnehagane. Alle med rett til plass for barnehageåret 2024/2025 skal få det, men då må ein søkje innan 1. mars.

Søknadsfrist for hovudopptak i barnehagane i Valle kommune er 1. mars. - Klikk for stort bileteSøknadsfrist for hovudopptak i barnehagane i Valle kommune er 1. mars. Ole Birger Lien

Ved søknad utanom hovudopptak blir det tildelt plass viss det er ledig kapasitet.

Stor auke

Det har dei siste åra vore solid auke i barnetal i barnehagane, difor oppmodar ein alle som veit at dei treng plass for det nye året om å halde seg innan søknadsfristen til hovudopptaket. Dato for oppstart vel ein sjølv i søknaden.

HER kan ein søkje, endre eller seie opp barnehageplass.