Oransje farevarsel for styrtregn torsdag ettermiddag og kveld
Meteorologisk Institutt (MI) har i dag torsdag 24. juli sendt ut oransje farevarsel for styrtregn i mellom anna Sør-Trøndelag, Vestlandet og Agder. Oransje er det høgaste farevarselet for styrtregn.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 24.07.2025 12:18
Sist endra 24.07.2025 12:18

Det er frå torsdag klokka 13 og fram til midnatt at faren for styrtregn er størst. Farevarselet kom ut i går som gult varsel om både mykje lyn og styrtregn, men er no altså oppjustert, i alle fall med tanke på regnet. På X skriv MI at det kan kome så mykje som 30-35 mm nedbør på ein time. Slike mengder kan føre til flaum, vatn i kjellarar, overvatn i tettbygde område og ikkje minst vanskelege køyreforhold.
Hald deg oppdatert
Det kan vere lurt å halde seg oppdatert om utviklinga, til dømes via yr.no. Stikkrenner og avløp bør renskast. På vegvesen.no/trafikk kan ein halde seg oppdatert på køyreforholda.