På jakt etter syklar til flyktningane

Flyktningekonsulent Birgit Homme Harstad i Valle kommune er på leit etter syklar til dei vaksne flyktningane i kommunen. Det meste er av interesse.

Flyktningekonsulent i Valle kommune, Birgit Homme Harstad, er på leit etter syklar til dei vaksne flyktningane i kommunen. - Klikk for stort bileteFlyktningekonsulent i Valle kommune, Birgit Homme Harstad, er på leit etter syklar til dei vaksne flyktningane i kommunen. Ole Birger Lien

Det er i dag 31 flyktningar frå Ukraina i Valle kommune. Syklane det er snakk om treng slett ikkje vere flotte doningar, men dei må kunne syklast med.

– Me kan sjølvsagt ordne med ein enkel service, men ikkje store reparasjonar, seier Homme Harstad.

Har du ein sykkel, eller er i tvil om den du har er aktuell? Send ein e-post til flyktningekonsulenten HER så får du raskt svar!