På leit etter venefamiliar til Ukraina-flyktningane

Det er no 21 flyktningar frå Ukraina i Valle kommune. Det har kome både familiar og einslege, og kommunen er no ute etter venefamiliar som har lyst til å bli kjent med dei nye sambygdingane.

Flyktningekonsulent i Valle kommune, Birgit Homme Harstad, er på leit etter venefamiliar for flyktningane som har kome frå Ukraina. - Klikk for stort bileteFlyktningekonsulent i Valle kommune, Birgit Homme Harstad, er på leit etter venefamiliar for flyktningane som har kome frå Ukraina. Ole Birger Lien

Flyktningekonsulent Birgit Homme Harstad seier at det ikkje er spesielle krav til dei som kan tenke seg å bli venefamilie.

– Alle som har tid og kan tenke seg å bidra er aktuelle. Ein venefamilie kan vere bare nokon å vere saman med, men det kan også i visse høve vere behov for litt meir praktisk hjelp der det er små born. Det kan vere alt frå barnepass til transport til og frå ulike aktivitetar som fotball eller barnetrim, seier ho.

Kan engelsk

Dei fleste vaksne flyktningane som har kome kan litt engelsk. Borna er alt i gong med å lære norsk, og den prosessen går unna!

– Me har behov her og no, og håpar mange melder seg. Det greiaste er om ein skriv ein e-post og fortel litt om seg sjølv og kva ein kan bidra med. Er det spørsmål kan ein også ringe på tlf 91778410 og få svar på det ein lurer på, seier Birgit Homme Harstad.

HER kan du sende e-post til Birgit Homme Harstad.