Valle kommune har skaffa minibuss lag og organisasjonar kan leige.
Ole Birger Lien
Minibussen, ein Wolksvagen Caravelle, har plass til åtte passasjerar og sjåfør.
Tilgangen til bussen skal vere med på å fremje trivsel og sosial tilhøyrigheit. Så er det ein stor fordel at denne minibussen kan køyrast med vanleg førarkort i klasse B. Det betyr at tilgangen til sjåførar bør vere ein heilt annan enn viss det var krav om utvida sertifikat. Kommunen skal også nytte minibussen til ulike behov på dagtid.
Samkøyring
Bussen kan nyttast av lag og organisasjonar og til aktivitetar og samkøyring knytt til desse. Den kan og nyttast til samkøyring til skisenteret. I samband med samkøyring skal låntakar så langt som råd, sikre at flest mogleg får tilbod om skyss. I utgangspunktet skal bussen lånast ut for dags-/ettermiddagsturar i samband med aktivitetar, men i spesielle høve kan bussen lånast ut for lengre periodar, til dømes i samband med helgeturar, turneringar og liknande.
Må laste ned app
Den eller dei som vil nytte bussen, må laste ned Solverapp i App Store eller liknande. I appen kan ein stadfeste identiteten sin, og få kode til nøkkelboksen der bilnøklane er ved å finne fram til “Minibuss Valle”.
HER er bruksanvisning til Solverapp
HER finn du regelverk knytta til bruk av minibussen
HER kan du lese meir om ansvar og plikter som fylgjer med å bruke minibussen
For spørsmål til leige av minibussen kan ein ringe Velkomstsenteret i Valle kommune på tlf 37937500.