Pårørandeskule i Setesdal tysdagar i oktober

Pårørandeskulen i Setesdal er ei rekke samlingar som kurs for pårørande til menneske med demens eller hukommelsesproblem. Opplegget er eit samarbeid mellom kommunane Valle, Bykle, Bygland, Evje og Hornnes og Åseral - og i år går samlingane føre seg tysdagar i oktober. 

Lege Hallvard Mosdøl er med på første samlinga av Pårørandeskulen 7. oktober. Ole Birger Lien

Samlingane blir skipa til to stader slik at folk fordeler seg etter kor dei held til - det er difor fysisk oppmøte i Bykle helsesenter eller i LMT Evje sine lokalar på Evje. Kurskveldane er frå klokka 18-21. 

Ulike demenssjukdomar

Første samling er 7. oktober. Då tar Hallvard Mosdøl for seg ulike demenssjukdomar, medan Bjørn Harald Hagen greier ut om utfordrande atferd. 14. oktober handlar det om praktiske utfordringar i kvardagen - tekniske hjelpemiddel, med Elisabeth Storsveen, og branntryggleik for risikoutsette grupper ved Ole A. Pettersen i Setesdal brannvesen IKS. 

Musikk i demensomsorga

21. oktober kjem Monica Reiersølmoen frå Vigre og tar for seg kommunikasjon og samhandling, medan Katrine Homdrum fortel om bruk av musikk i demensomsorga. Siste samling 28. oktober gjev det som sikkert blir eit sterkt møte når ein pårørande fortel - Siren Bakke Winjor stiller opp. I tillegg kjem ein bolk om tilbod i kommunane, og korleis ein kan søke om hjelp, ved Britt Enny Haugland. 

Påmelding til koordinator i Hukommelsesteamet, Signe Telhaug:

tlf 94520970

signe.telhaug@e-h.kommune.no

Siste påmeldingsfrist er 1. oktober!