Påskeverkstad i Sæbyggjen i morgon laurdag 21. mars
“Kvar mann si høne”, sa tidlegare statsråd Lars Sponheim frå talarstolen i Stortinget ei gong, med rungande latter som respons. Om ikkje kvar si høne, så ber i alle fall biblioteksjef i Valle kommune, Julie Iversen Solheim, alle om å ta med seg sitt eige egg til påskeverkstad i Sæbyggjen i Valle i morgon klokka 11!
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 20.03.2026 14:27
Sist endra 20.03.2026 14:27
Ole Birger Lien
Både store og små er velkomne til påskeverkstaden frå klokka 11-14. Der ynskjer dei seg kreativitet, leik og påskestemning!
– Det blir rigga til med ulike stasjonar, og me skal ha alt frå påskeeggjakt til noko godt å bite i - me kan lokke med pylser, smiler biblioteksjefen.
Ta med eigne egg!
Det er til eggdekorering at alle blir oppmoda om å kome med sitt eige “lerret”, dvs egg. Dette både fordi det er praktisk, og det kan redusere matsvinn.
– Påskeverkstaden passar for absolutt alle som er i eller ynskjer å kome i påskestemning, så no håpar me at mange finn vegen til biblioteket, seier Julie Iversen Solheim.
Det er biblioteket og juniorklubben som skipar til samankomsten.
Pixabay