Passering over brua på Flårenden med leiebil veka gjennomDet går føre seg vedlikehaldsarbeid på brua på Flårenden mellom Valle og Hylestad, og bilistane må køyre bak leiebil for å kome seg over brua. Publisert av Ole Birger Lien Publisert 23.09.2025 13:16 Sist endra 23.09.2025 13:16 Den som vil passere Flårendsbrua mellom Valle og Hylestad denne veka må gjere det bak leiebil på grunn av vedlikehaldsarbeid på brua. Ole Birger Lien Veldig mykje venting ser det ikkje ut til å bli, men i alle fall på dagtid er det manuell dirigering og leiebil som gjeld. I utgangspunktet skal arbeidet vere fullført innan helga.