Pleie- og omsorg i Valle på konferanse om velferdsteknologi

Pleie- og omsorgseininga i kommunane Valle, Bykle og Evje og Hornnes deltok nyleg på den årvisse SOVA (Saman om velferdsteknologi på Agder)-konferansen.

Helsepersonell frå Setesdal på SOVA-konferanse. - Klikk for stort bileteHelsepersonell frå Setesdal på SOVA-konferanse.

SOVA er ein arena både til nettverksbygging og fagleg påfyll. Som del av det gode samarbeidet om velferdsteknologi på Agder er konferansen døme på samlingar som styrkar både kompetanse og ikkje minst gjev verktøy til evaluering av teknologibruken. I Kristiansand samla leiarar og personell frå helse og omsorg i fylket seg, og det vart ein innhaldsrik konferanse.

Fortalde frå Valle

Blant innlegga var leiar pleie- og omsorg i Valle kommune, Solveig Kyrvestad, og Astrid Loise Andersen, Setesdal sin representant i Digi Agder og Evje og Hornnes kommune. Under tittelen "Tid for handling - personell i ei berekraftig helseteneste, kom mange innspel.

– Det viktigaste for god tenestelevering er personellet, og at leiarane sikrar at dei får tid til å utføre oppgåvene sine. Me må ikkje brenne ut dei gode hendene me har, var omkvedet.

Starta i 2015

– I Valle har me lenge brukt teknologi som supplement til tenesten. Frå starten med GPS som tillegg til tradisjonell tryggleiksalarm i 2015, kameratilsyn frå 2018 har det kome fleire og fleire gode teknologiske løysingar. Digitalt tilsyn er med på å la dei som vil det bu heime lenger. Multidosedispensar sikrar at brukarar får medisinen dei skal til rett tid, og personell blir varsla viss medisinen ikkje er teken. Løysingar som dette gjev brukaren større fridom og ein heilt annan meistringsfølelse, sa Kyrvestad.

Ho peika også på det nyaste i Valle kommune, ei fullspekka med sensorteknologi og vendesystem. Alt i alt presenterte representantane frå Setesdal ei framtidsretta og utviklande haldning til teknologi som supplement, men med dei varme hendene som grunnmuren i det som alt i dag er god pleie og omsorg i praksis.

Leiar pleie- og omsorg i Valle kommune, Solveig Kyrvestad, under sitt innlegg på konferansen. - Klikk for stort bileteLeiar pleie- og omsorg i Valle kommune, Solveig Kyrvestad, under sitt innlegg på konferansen.